tirsdag 27. oktober 2015

Rus og psykisk helse

Dei neste vekene har skal me ha eit prosjekt som handlar om "Rus og psykisk helse". Det er tverrfagleg, så de kjem til å ha om dette både i samfunnsfag, naturfag og KRLE. I norsk vil de få tid til å arbeide med informasjonen de får i dei andre faga, og skrive dette i innlegg på bloggen dykkar. Nokon av innlegga kjem til å vere faktatekstar, andre refleksjonstekstar. Nokre innlegg blir lange, andre kortare.

I innlegga bør de ha fokus på å skrive presist, bruke riktig teiknsetting og har god rettskriving. Lær dykk å bruke bokmålsordboka/nynorskordboka. Det er også viktig at de har med kjelder. De kjem til å få karakter på dette prosjektet, basert på innlegga de har skrive.

Eksempel på kjelde: Ekeland, Per Roar m.fl., Tellus 9, Aschehoug, 2007


Innlegga skal vere på hovudmålet dykkar.

Desse innlegga tel:

Innlegget om alkohol
Innlegget om klassemiljø
Innlegget om ungdomskultur
Innlegget om "ungdom og mote" eller "ungdom og kropp" (lekse veke 45)


                                                                                                                















Bildekjelde: Smoke Plume av William Warby (https://www.flickr.com/photos/wwarby/11774518245/in/photostream/)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar